Frå Brautaset til Brauteseth Road: Utvandringa til Sør-Afrika sommaren 1882
(Gunnar Ellingsen, Ørstaminne 1997)
Kvar i all verda ligg Brauteseth Road? Jau, på same stad som Ørsta Road, Aalesund Avenue, Stranda Road, King Haakon Road, Prince Olaf Road og ei rad andre gatenamn oppkalla etter norske byar og landsdelar (t.d. Romsdal Road) – nemleg i den lille byen Port Shepstone i Natal på austkysten av Sør-Afrika. Gateskiltet står jamvel på to språk: Brauteseth Rd/Weg. Det første (Rd = Road) er engelsk, det andre er hollandsk. Desse to endingane, Road og Weg, fortel altså om eit samfunn med sterke innslag av to europeiske nasjonalitetar som delvis har levd side om side, delvis har slåst mot kvarandre – jf. boarkrigane for eit hundreår sidan.
Men den første delen av gateskiltet – Brauteseth – fortel at der er ein tredje nasjon innblanda også, nemleg sunnmøringane. I slutten av førre hundreåret og i dei første åra av vårt hundreår var det om lag eit halvt hundre personar frå Hjørundfjord/Vartdal/Ørsta som utvandra til Sør-Afrika. Vartdalingane var dårlegast representert, her som elles i utvandrarstatistikkane. Ragnar Standal har i si imponerande utvandrarsoge "Mot nye heimland" funne fram til 622 utvandrarar frå Hjørundfjord, 488 frå "gamle Ørsta" og berre 74 frå Vartdal. Når det gjeld utvandringa til Afrika, er tala 10 (+ 2 nygifte ektefeller frå andre bygder) frå Hjørundfjord, knapt 30 frå Ørsta, og 1 frå Vartdal.
I denne artikkelen skal eg ta for meg eit spesielt utvandrarfølgje, nemleg det som drog til Natal i 1882.
Sjøreisa 14. juli 1882 drog ein båt ut frå hamna i Ålesund. Det var ein litt uvanleg båt, for om bord var det over 230 utvandrarar. Dette året var toppår for norsk utvandring, og dei fleste utvandrarane drog til Nord-Amerika. Men utvandrarane om bord på denne båten, som heitte "Tasso", hadde kurs for eit heilt anna reisemål: Natal i Sør-Afrika.
Allereie før Sunnmørs-kysten forsvann i havet bak dei, hadde sjøsjuke teke til å melde seg, og det vart ei gyngande reise over havet til England.
Etter 3 dagar der, gjekk ferda vidare med D/S "Lapland". 2 av utvandrarane hadde forresten "vore på byen" i London, og dei kom for seint til avgang. Dei tok då toget til Sør-England og nådde att båten der.
Reisa vidare sørover gjekk under skiftande vêrtilhøve, og sjukdom tok til å spreie seg mellom passasjerane. Då båten omsider kom til Cape Town, hadde 3 av borna allereie funne den siste kvilestaden sin i Atlanterhavet: Dei hadde bukka under for sjukdom og uvande tilhøve om bord. Ein av desse var 13 månader gamle Elen Sarine J. Øy.
På grunn av ein koppe-epidemi i Cape Town, måtte nordmennene halde seg om bord i "Lapland" då båten bunkra der. Deretter drog han vidare til munningen av Umzikulu. Etter ei anstrengande ferd inn til stranda, kunne dei norske nybyggjarane så setje føtene på afrikansk jord 29. august.
Bakgrunnen for reisa Ein kan til vanleg dele årsakene til emigrasjon/utvandring i 2 grupper: Tilhøva i heimlandet som gjer at ein vel å finne seg eit nytt fedreland (push-faktorar), og tilhøva i det nye landet som gjer at ein vil prøve lukka der (pull-faktorar).
1882 var som sagt det året då talet på norske utvandrarar var høgast, og i alt 28804 nordmenn valde dette året å finne seg eit nytt fedreland.
Dei som denne sommaren drog til Natal, kunne sikkert nemne dei same push-faktorane som dei fleste andre utvandrarane dette året: Trange økonomiske tilhøve – små eller nesten verdlause eigedomar – tung leige på jord som dei bygsla av andre – små utsikter til snarleg velstand eller overflod; – alt dette i samanlikning med det dei hadde høyrt om tilhøva i nybyggjarlanda på andre sider av verdshava.
Når det gjeld pull-faktorane, var situasjonen noko meir uvanleg for dei som drog til Natal. Rett nok hadde lovord om tilhøva i Sør-Afrika nådd heim til Noreg, men det var også andre årsaker som gjorde seg gjeldande for mange av dei 233 som drog frå Ålesund 14. juli 1882.
Nokre avisartiklar av kaptein Landmark på misjonsskipet Elieser hadde skapt oppsikt, og etter oppmoding til Natal-regjeringa sin agent i London vart det gjeve innreiseløyve for 50 norske familiar.
Vilkåra var ganske gode. Det var m.a. tilbod om fri reise frå London til Durban, kvar familie vart på førehand garantert eit område på omtrent 400 mål, og dei økonomiske vilkåra var ganske bra.
Det vart lagt vekt på den moralske og kristne haldninga, og det er ikkje umogeleg at nokre av utvandrarane hadde interesse for misjon mellom dei innfødde i det nye fedrelandet.
Nesten 300 familiar søkte om å få bli med, men det var altså ikkje plass til meir enn 50. Dei aller fleste søkjarane var frå Sunnmøre. Då det omsider vart alvor, var det berre 34 familiar som våga å drage. Om lag 30 av dei høyrde heime på Sunnmøre. Kvar familie hadde høve til å med seg i følgjet sitt ugifte, vaksne personar.
Utvandrarar frå Ørsta Drøyt 30 av dei 233 utvandrarane hadde tilknyting til noverande Ørsta kommune: Otto Johannes Olsson Brautaset (f. 1854) var frå Brune og Strand på Brautaset. Han gifta seg med Johanne Karine Øy etter at dei var komne til Afrika. Dorte Petrine Sørensdtr. Brekke (1853-1898) er ikkje nemnd i Standal sitt oversyn over utvandrar frå Ørsta. Ho var nemleg "utvandra" til Herøy, der ho var gift med Isak Igesund (1851-1928). Desse to og dottera Anne Sofie (f. 1878) reiste i følgje med Jakob Rebbestad og kona Olave, som var fødd Igesund. Dorte var dotter til Søren Knutson Melle og kona Anne Lisbet Davidsdtr. Mork, og dei budde på Sørenplassen på Brekke. Anna S. Brungot. Ragnar Standal skriv at "Ho har truleg berre farsnamnet frå Ørsta, då ho er uråd å identifisere der." Ho reiste saman med presten Emil Berg og familien hans. Albrigt Olsson Erdal (1845-ca. 1896) drog til Hamburg for å utdanne seg. Saman med kona og borna Annie og Oscar drog han seinare til Johannesburg. Han ser ut til å vere den einaste vartdalingen som utvandra til Sør-Afrika. Marie Madsdtr. Moene (f. 1846) var dotter til velkjende "Moa-Mass". Ho gifta seg med ein svensk fiskar i Sør-Afrika. Johan Knutson Myklebust (1851-1895) var frå Pålgarden på Myklebust i Follestaddalen. Han gifta seg med enka Ragnhild Lillebø Løndahl frå Volda nokre år etter at dei var komne til Afrika. Ragnhild og Johan fekk 6 born saman, og det merkverdige var at dette var 3 tvillingpar. Karen Randine Knutsdtr. Myklebust (f. 1855) frå Pålgarden på Myklebust i Follestaddalen var syster til Johan K. Myklebust. Ho gifta seg i 1880 med Matias M. Holte (f. 1854) frå Holte i Sande, og drog saman med han og sonen Konrad (f. 1880). Jakob Henriksson Rebbestad (1833-1917) frå Likkjesætra på Rebbestad og kona Olave Igesund Rebbestad (1834-1924). Dei kom heim att til Ørsta noko før århundreskiftet. Det er fortalt meir om Jakob nedanfor. Knut Olsson Standal (1853-1900) frå Olagarden på Ytre-Standal reiste saman med kona Johanne Jonsdtr. Gjerde (d. 1897) frå Dyrkorn. Knut Syvert Eliasson Standal (1857-1907) frå Jakobgarden på Ytre-Standal reiste saman med kona Oline Marta Eliasdtr. Moldvær (1859-1928) var frå Sula. Tre av halvbrørne hans – Elias, Edvard, Laurits – kom nedover seinare, og Oline gifta seg med Edvard etter at Knut døydde. Peder Olaus Berntson Trandal (f. 1882) frå Kristiangarden på Indre-Trandal ville drive fiske i Sør-Afrika, men det vart eit vonbrot og han kom heim att til Noreg allereie året etter. Han budde i Ålesund og livnærte seg som skipper på ein fiskebåt. Ane Berte Samundsdtr. Vatne (f. 1855) var frå Hansgarden på Vatne. Ho var først gift med dalsfjordingen Peder O. Dahle, og deretter med ein som heitte J. Melsether. Sivert Olai Johannesson Vatne (f. 1855) voks opp hos mora og stefaren i Ellingsgarden på Vatne. Olav Andersson Stigen Vinjevold (f. 1847?) var opphavleg frå Stigen i Dalsfjord, og gift med enka Oline Marta Olsdtr. Lianes Vinjevoll (1840-1919) i Olagarden på Vinjevoll. Dei hadde med seg borna Anne Pauline Olavsdtr. Vinjevold (1875-1963), Olaf Matias Olavsson Vinjevold (f. 1876), Marte Josefine Olavsdtr. Vinjevold (1878-1890) og Andreas Olai Olavsson Vinjevold (1880-1966). Anne Pauline Vinjevold vart som nemnt ovanfor gift med Edvard E. Standal. Med i følgjet til Oline Marta og Olav Vinjevold var også Oline Marta sine to born frå ekteskapet med Andreas Pederson Årset Vinjevold (ca. 1836-1869): Peder Andreasson Vinjevold (1865-1918) og Oluffa Petrine Andreasdtr. Vinjevold (f. 1867). Ragnar Standal har i utvandrarsoga si også ført opp Andreas Martinus Stigen (d. 1883), bror til Olav Stigen Vinjevoll, i dette følgjet frå Vinjevoll. Grunnen er at Andreas også i ein rapport i Natal Mercury frå 29. august 1882, same dag som nordmennene steig i land ved Umzikulu-floden, er medrekna i følgjet til Olav Stigen Vinjevoll. Det er likevel ikkje grunn til å rekne Andreas Stigen som ørsting i denne samanhengen. Andreas og Olav var for øvrig brør til frikyrkjeforstandar Sivert Stigen i Ørsta. John Larsson Øy (1848-1891) frå Jogarden på Øy i Follestaddalen reiste saman med kona Karen Severine Paulsdtr. Myklebust Øy (1850-1889), som opphavleg var frå Bøgarden på Myklebust, og den vesle dottera Elen Sarine Johnsdtr. Øy (1881-1882). Sistnemnde døydde under reisa til Afrika. Johanne Karin Jonsdtr. Øy (1850-) frå Nilsgarden på Øy i Follestaddalen drog i følgjet til Kristian Fredrik Rødseth og familien hans. Rødseth var gullsmed i Ålesund, men var opphavleg volding. Johanne gifta seg som sagt med ovannemnde Otto O. Brautaset. Nils Jonsson Øy (1838-1923) frå Nilsgarden på Øy i Follestaddalen var bror til Johanne Karin. Han drog med huslyden sin: Kona Malene
Langanger Øy (1841-1926) og Nils sine fem born frå første ekteskap John Nilsson Øy (1868-), Guttorm Nilsson Øy (1871-1910), Kanutte Nilsdtr. Øy (1873-1967), Ingeborg Nilsdtr. Øy (1875-1952), Kornelia Nilsdtr. Øy (1877-1946). Nils, Malene, John og Kanutte kom seinare heim att til Noreg og slo seg ned på Skudenes i Rogaland, der Malene var frå.
Jakob Rebbestad I 50-årsskriftet for denne utvandringa i 1882 står følgjande omtale av Jakob Rebbestad:
Jakob var stor og sterk som en bjørn. Han kom ut med den norske emigrasjon, og fikk et 100 acres jordstykke hvis øvre del var gressland mens resten hadde en bratt hellning mot Umbangofloden. Det var overvokset med skog, tildels brukbar til bygning. Men den var utilgjengelig for kjøreredskaper.
Rebbestad undersøkte situasjonen og tok rolig øks, sag og hakke under armen, ryddet sig sti til skogens midte, så sig ut de nødvendige materialer, både tunge bjelker og mindre tømmer – alt på en uke, men nu blev gode råd dyre. De små trær kunde han jo greie å bære nogenlunde lett, men synet av de digre bjelkene og tanken på hvor de skulde hen, uten annen hjelp enn ens egen rygg og armer, vilde være nok til å bringe den kolde sved frem på en almindelig manns panne. Jakob løftet enden av en av de rå stokkene, lot den falle og gikk hjem.
Det blev stilt i skogen i flere dager. Naboen Knut forstod at Jakob nu hadde tatt sig vann over hodet og ikke kunde greie bjelkene. Knut selv var en staut kar og tenkte på å hjelpe til med å bære den letteste enden av tømmeret opp den næsten umulige skrent. Han innfant sig i den hensikt en morgen på toppen av Jakobs gressland, hvor han til sin store forbauselse fant en dynge av digre bjelker. Jakob kom selv nettopp ut av skogen næsten tvekroket under byrden av en svær stokk som han kastet ned så det drønnet i bakken. "Jeg er visst for sen med min hjelp," sa Knut. "Ja," svarte Jakob, "jeg har kun et par små igjen nu. Jeg tenkte jeg skulde bli både sår og skakk av dette her, men det gikk allikevel."
Jakob kunde aldri formåes til å lære det minste engelsk. "Det er bare vrøvl," sa han. Derimot tilegnet han sig et brukelig forråd kjøkken-kaffersk. Dette lærte han av en liten sort gutt som hjalp ham med å hakke bort ugress av akeren, samt passe den mot apekatter, hvorav det som regel innfant sig flere familier hver morgen i håp om litt frokost. Med dette kjøkkenkafferske sprog greide han sig meget bra.
Han brukte ofte å rådslå og diskutere med en gammel tysker. Denne hadde også lært kjøkkensproget, men kunde som Jakob intet engelsk. De kunde i timevis bli stående på veien og diskutere alle mulige ting som angikk gårdsbruk. Også landets politikk behandlet de. Det hele virket meget komisk, men både tyskeren og Jakob var saktens alvorlige nok. Knut sa skjelmsk til Jakob engang: "Du Jakob er svært i vennskap med tyskeren du?" "Tyskeren er en meget klok mann, ser du, og han har samme religion som jeg selv," la han til idet han snudde sig rundt og sendte en veldig skrå hen i været.
Jakob ryddet mange acres besværlig skogland, bygde sig et godt og koselig hus og passet sin hønsegård. Hans kjør var av de beste i grenden. Når man ser at dette blev bygget opp og holdt gående nesten bare med hans eget arbeide, kan man tenke seg at det måtte ligge kraft, duelighet og seig utholdenhet bak de mange vanskeligheter.
Jakob og Olave var barnløse og fant det best å leve sine siste dager i Norge. De var snille personligheter, og eide de øvrige kolonisters aktelse og kjærlighet.
Då Olave og Jakob kom heim att noko etter hundreårsskiftet, budde dei på Rebbestad til dei fekk bygd seg ei stove på Velle. Ho stod ved Vallageila, der den gamle vegen til Utstillingsplassen var. Jakob var no kring 70 år gammal, men livnærte seg som murar og lausarbeidar. Etter at han døydde i 1917, vart stova hans seld til Jon Rudi og flytta ut i Rystene, der ho har stått i ombygd stand ved gamlevegen nedanfor Hovdebakken. Olave døydde i 1924.
Mottakinga Etter ei anstrengande reise frå "Lapland" inn til stranda, kom ei endå meir voldsom oppleving då utvandrarane omsider kom seg på land: 400 zulukrigarar i full krigsutrustning kom farande og ønskte nordmennene velkomne med ein ekte krigsdans. Dette var arrangert til ære for dei norske, men dei visste ikkje om det, og nokre av dei flykta difor i vill panikk.
Så vart det fest. 3 oksar vart slakta, men verken blodet eller det rå kjøtet verka særleg freistande på nordmennene.
Landet dei kom til Natal var i 1882 ein britisk kronkoloni med om lag 80.000 innbyggjarar. 25.000 av dei var europearar, 20.000 var indarar som arbeidde i sukkerindustrien, og resten var zuluar.
Byane Durban og Port Shepstone var små og lite viktige. Landet elles var nokså fruktbart, men ikkje ein slik Edens hage som nokre av nordmennene kanskje hadde trudd etter det dei hadde lese og høyrt på førehand. Kysten i Natal var også heilt ulik den sunnmørske kysten som så mange av utvandrarane hadde fiska ved, og Natal hadde ingen fiskebyar slik som Ålesund. Der var heller ikkje naturlege hamner som kunne byggjast ut til større fiskerisentra. Skjergard og øyar fanst heller ikkje, så Det indiske hav stod rett inn mot strendene.
Dei første åra Det folk hadde lært om jordbruk på åkerlappane heime i Noreg, var til lita nytte i det nye landet. Klima, jordbotn og planteslag var heilt annleis enn i Noreg, og det var også vanskeleg å selje dei jordbruksvarene som dei ikkje sjølve hadde bruk for. Svært mange av dei ugifte nordmennene fann fort ut at det lønte seg betre å finne seg arbeid i byar eller – for mennene – på ulike slags anleggsarbeid.
Vonbrota var så store for nokre, at dei valde å drage heim att til Noreg. Det må ha vore useieleg bittert å reise så mange tusen kilometer for å oppdage at det trass alt var best slik ein hadde det heime i det fjellfylte og karrige Vest-Noreg. 5 av huslydane reiste heim att før det var gått 1 år! Andre drog seinare, medan nokre i staden drog vidare til eit anna "framtidas land": Australia.
Også husdyrhaldet førte med seg vonbrot. Kvaliteten på dyra var nok bra, men dei vart stadig råka av ukjende epidemiar som det var vanskeleg å bli kvitt. Dette var ikkje noko som berre hende den første tida, det var tilfelle langt utover på 1900-talet. Nokre prøvde seg med fiske langs kysten. Uvande kysttilhøve, spreidd busetnad og dårlege hamner var faktorar som gjorde det lite lønsamt å livnære seg som fiskarar. Dessutan var britane i Sør-Afrika lite lystne på å ete salt fisk. Unntak var det likevel her og der, m.a. eit norskdominert firma som hadde store leveransar av fisk til Durban. Når desse faktorane er nemnde, er det likevel rett å peike på at fleirtalet av nordmennene valde å slå seg ned i det nye heimlandet sitt for godt. Svært mange vart buande i settlementet Marburg, der dei opphavleg fekk seg tildelt eigedomar.
Den første jula Jula, familiefesten framfor alt i det norske samfunnet, måtte bli ei noko underleg oppleving då utvandrane for første gong skulle feire denne høgtida i Afrika. Dette er vel den verdsdelen som folk flest meiner har minst sams med norsk jul, – med snø og nisse og ribbe og juletre og alt anna som vi meiner må vere typisk for vår julefeiring. Ein av ungdomane har skildra den første afrikanske jula slik: Knapt fire måneder i landet, og så kom julen i Afrika, midt i stekende solheten. Kunde dette være jul? Ingen sne, ingen kold nordveststorm, intet grantre!
Ordentlige hus fantes ikke, bare små gresshytter uten møbler. Ikke engang senger nok hadde man. Barna lå på gress på jordgulvet. Bord og benker var laget av pakk-kassene man hadde med fra Norge.
Mat var det smått med for de fleste. Det var nok ingen ribbestek eller lutefisk, kanskje ikke engang den tradisjonelle risengrynsgrøten. Julekringle og fattigmannsbakkelse heller ikke.
Bare maisgrøt, søte potetkaker stekt på helle, sort kaffe og grovt maisbrød for de flestes vedkommende. Nogen hadde fått kjøpt litt frukt, bananer og pineapples. Ellers var det ikke noget å få.
Det blev en fattig jul. Lengselens tanker gled uvilkårlig til Norge – hos nogen for aller første gang – til den deilige julehøitiden der. Man så for seg all den bakning, slaktning, vask og oppusning som alltid gikk forut for julen, og så grantreet, julelysene og julesangene!
Så ringte kirkeklokkene helgen inn. Mor Norge holdt julen hellig i hjem og kirke. Det var levende minner fra julenatten og juledag vi hadde med oss ut i det fremmede land.
Men da far leste jule-evangeliet hin første julekveld, blev det allikevel julestemning. Vi kunde synge "Jeg er så glad hver julekveld" også her ute i de simple hytter som minnet slik om julenatten i Bethlehem og Frelserens fattige og trange bolig. "Ved sin fattigdom vilde han gjøre oss rike."
Juledagsmorgen lå de grønne marker med den spirende mais, og de blomsterduftende skoger smilende i det varme solskinn. Det var et underlig julevær for norske barn. Juledags eftermiddag holdtes julegudstjeneste i misjonskirken på Marburg. Tross alt kunde man ønske hinannen "God jul". Pastor Berg talte inderlig over julens tekst, julesalmene lød for åpne dører og vinduer.
Annen juledag var man atter samlet til gudstjeneste, men ingen juletrefest blev holdt.
Den neste jul stod kirken der under tak, og den første juletrefest blev feiret for de mange barn og voksne.
Boarkrigen Dette var ein krig som vekte oppsikt i Europa. På den eine sida stod boarane, etterkomarar av nederlandske innvandrarar som hadde folkesett delar av Sør-Afrika i lang tid. Dei første var komne dit allereie i 1602. På den andre sida stod engelsktalande innvandrarar som stort sett kom til Sør-Afrika etter at ein vart merksam på kor rikt dette landet var på mineral, t.d. diamantar og gull.
I denne bitre krigen, som heldt på i 3 år, var det også nordmenn med. 24 av dei var med i eit korps som kjempa på britisk side. Det var så visst ikje nokon romantisk hobbykrig, om ein skal tru eit utdrag av ei skildring som ein av nordmennene skreiv: De (boarane) prøvde også å sulte oss ut – så vi i januar 1900 måtte slakte og spise våre hester. Det var megen sykdom, feber og dysenteri. En skrekkelig fluepest plaget oss, og det var få som ikke hadde en syketur i hospitalsleiren. I februar fikk vi bare to skjeer med grøt og hestekjøtt til hvert måltid. Bare 26 av de 372 i vårt korps var tjenestedyktige, og av disse var 8 norske.
I alt var 27 nordmenn med i boarkrigen, mellom dei minst 3 ørstingar: Guttorm Øy (son til Malene og Nils Øy), Olav Vinjevold (son til Olina og Ola Vinjevold) og Thorkel Brudevold (den einaste sonen til oberst H.T. Brudevold). Tradisjonen seier at også hjørundfjordingen Knut Britannus Rønning var med i denne krigen, og at han miste livet der. Ragnar Standal meiner at det ikkje er hald i denne tradisjonen. I alt 5 av dei norske soldatane omkom i boarkrigen. Oberst Hilmar Theodor Brudevold kom til Natal allereie i 1862, 20 år gamal. Han voks opp på Brudavollen i Ørsta, der onkelen Nils tok seg av han. Allereie før "Lapland" kom til Natal med dei 230 nordmennene i 1882, var Hilmar Brudevold ein røynd militær. Han hadde rukke å vere med i zulukrigen i 1879 og i den første boarkrigen i 1881. I 1899 var han major, og seinare i boarkrigen vart han forfremma til oberst. Han skifta namn til Bru-de-Vold, og plantasjen sin kalla han Eidsvold. Oberst Brudevold var etter alt å dømme ein dyktig militær. Han fekk fleire utmerkingar, og han var øvstkommanderande for forsvarsstyrkane i Natal under zuluoppreisten i 1906. Han døydde i 1912.
Den 1. verdskrigen Det var sunnmørs-afrikanarar med også i denne verdsomfattande stormaktskrigen. Slagmarkene var ikkje berre i Europa, også i Afrika merka dei krigen. Britane og deira allierte gjekk til åtak på dei tyske koloniane der. Sør-afrikanske styrkar tok Tysk Sørvest-Afrika, og om lag 15 norskætta soldatar var med i desse styrkane. Mellom dei var også Ole Brautaset, den eldste sonen til Johanne og Otto Brautaset.
I Tysk Aust-Afrika varte kampane like til storkrigen tok slutt i Europa, og om lag 10 norskætta soldatar var med her. Ein av dei var Otto Brautaset jr., veslebror til førnemnde Ole som kjempa i Sørvest-Afrika.
Så vidt vi veit, var det berre 1 av de om lag 25 norskætta soldatane som mista livet under kampane i Afrika. Han heitte Oluf Dahle, son til Ane og Thomas O. Dahle frå Ålesund. Han døydde på militærsjukehuset i Pretoria.
Så låg dødsprosent fann ein ikkje mellom dei 7 norskætta soldatane som i 1916 vart sende frå Sør-Afrika til slagmarkene på Flandern i Vest-Europa. 3 av dei 7 mista livet der, og ein av dei var den førnemnde Thorkel Brudevold. Thorkel hadde tidlegare vore med i kampane i Sørvest-Afrika.
Andre som drog til Sør-Afrika Johannes Jonson Bjordal (1875-1955) frå Jogarden i Bjørdalen drog i 1895 og kom heim att i 1900. Han er mannen bak snekkar- og treskjerarskulen som tok til i Ørsta i 1903, og som flytta til Bolsøy ved Molde i 1916-17 – der skulen på folkemunne gjerne vart kalla "trepikkarskulen".
Paul Eliasson Bjørdal (1880-1907) frå Eljasgarden i Bjørdalen drog i 1903.
Hilmar Hans-Christianson Brudevold (1842-1912) drog til sjøs i 20-årsalderen og gjekk på land i Sør-Afrika.
Johan Johannesson Digernes (1875-1979) drog første gong i 1895, var heime 1899-1903, drog ut att i 1903 og kom heim for godt i 1905.
Ludvig Johannesson Digernes (1883-1906) drog i 1903.
Knut Johannesson Hovden (1881-1976) frå Jogarden i Ytre-Hovden drog i 1903 og kom heim att nokre år seinare.
Kristian Ingebrigtson Riise (1871-1937) frå Lensmannsgarden på Rise drog i 1895, kom heim att like etter århundreskiftet og busette seg i Ålesund.
Knut Britannus Olsson Rønning (f. 1862) frå Jeileplassen på Rynning utvandra i 1890-åra frå Kristiansand.
Elias Matias Eliasson Standal (f. 1866) frå Jakobgarden på Standal utvandra i 1888 saman med broren Edvard Eliasson Standal (1868-1937).
Laurits Eliasson Standal (1872-1937) var bror til Elias og Edvard, og utvandra i 1890-åra. Han drog seinare vidare til Canada.
Desse tre Standal-gutane var halvbrør til førnemnde Knut Syvert Eliasson Standal som drog i 1882.
Rasmus Johanson Sæbø (1869-1940) utvandra truleg i 1892, og kom heim att i 1898 og slo seg ned på Sæbø.
Rasmus Albrigtson Ville (1869-1960) frå Albertgarden på Villane drog saman med Rasmus Sæbø i 1892 og kom også heim att saman med han i 1898. Han dreiv ei tid butikk i Ålesund, og vart deretter gardbrukar i Isfjorden.
Det står mykje meir om alle desse personane – og om dei som drog i 1882 – i Ragnar Standal si utvandrarsoge "Mot nye heimland".
Etterskrift
Dei drøyt 200 nordmennene som gjekk i land frå "Lapland" i august 1882, kom til eit land i rivande utvikling. Dei fleste rekna vel med å livnære seg av jordbruk og kanskje fiske, men det gjekk ikkje lang tid før mange – særleg ugifte – sette kursen mot byane. Nokre av nordmennene kom jo frå Ålesund og kjende kanskje meir til næringslivet i eit bysamfunn enn til jordbruk.
Eit oversyn over 1. og 2. generasjons sunnmørs-afrikanarar etter 50 år i Afrika, viste at dei hadde ein svært allsidig yrkesstruktur. Nordmennene hadde så visst ikkje berre slege seg til ro som bønder i settlementet på Marburg.
I 1932 levde framleis 84 av passasjerane på "Lapland". Dessutan var det 696 etterkomarar etter dei 230 som kom i 1882, slik at talet på sunnmørs-afrikanarar i 1932 var bortimot 800.
For dei aller fleste hadde det gått framover med åra, og levestandarden og dei økonomiske vilkåra betra seg mykje. Men tendensen var den same i Natal som hos dei nordmennene som utvandra til Nord-Amerika: Banda til heimlandet vart stadig svakare, det norske språket måtte vike for engelsk, mange gifta seg med personar av ein annan nasjonalitet, osb.
Den siste av 1882-utvandrarane døydde 15. desember 1975, 100 år gammal. Det var Magdalena Theresa Landmarks Jacobs, dotter av sjømannsprest Emil Berg i North Shields i England. Det er sagt at han vart så oppglødd at han slutta som sjømannsprest, vart med til Natal og vart den første presten for nordmennene der nede.
Framleis er det eit visst band mellom Sunnmøre og Natal. Framleis finst det etter måten mange med sunnmørske etternamn i Sør-Afrika, framleis skal der finnast menneske som snakkar godt sunnmørsk sjølv om dei knapt har sett beina sine på norsk jord, og framleis heng biletet av Ålesund i kyrkjesalen på Marburg. Då Brautaset-slekta hadde slektsstemne i 1973, møtte det fram 60 personar, og det er sagt at dette er den største "norske" slekta i Sør-Afrika. Journalist Ottar Berget skreiv innleiingsvis i ein stor reportasje i ukebladet Hjemmet nr. 27/1882: "Jeg trodde jeg hadde fått solstikk da jeg midt i Afrika plutselig kom til Oslo Beach, så norske flagg, hardangerbunad og Aalesund Avenue!"
***
Dei 230 nordmennene som steig i land i Natal 29. august 1882, var verken dei første eller siste herifrå som kom til Sør-Afrika. Oberst Brudevold kom jo dit allereie 20 år før, og han var tilsett av regjeringa til å hjelpe dei nye Natal-innbyggjarane då dei steig i land etter den strabasiøse turen med "Lapland". Ein annan sunnmøring stod også på stranda for å møte dei: Benjamin Rafteset (1860-1912) frå Herøy. Han var komen nedover året før etter ein grufull tur, for skipet han var om bord i grunnstøytte utanfor Cape Town og 600 menneske omkom – mellom dei var begge foreldra og to av syskena hans.
Om lag ein million nordmenn utvandra i tida 1825-1930, og det vil vere galt å hevde at det var nokon einsarta flokk. Likevel kan det vere grunnlag for å meine at dei 34 huslydane som 14. juli 1882 drog frå Ålesund med M/S "Tasso", på mange måtar avveik noko frå det normale norske utvandringsmønsteret.
Gunnar Ellingsen
Desse kjeldene kan fortelje meir om om den lokale utvandringa til Afrika:
- Andrew og Anna Halland og Ingeborg Kjønstad: "Norsk nybyggerliv i Natal – Festskrift i anledning De Norske Settleres 50-aarsjubileum i Marburg. 29. august 1882 – 29. august 1932" (1932)
- Ragnar Standal: "Mot nye heimland" (1985)
- Ottar Berget: "Jeg fant en norsk by i svarteste Afrika!" (Ukebladet Hjemmet nr. 27/82)
- Øystein Eik: "Johan Digernes minnest då eldste ungdomslaget på Sunnmøre vart skipa – og var sjølv med i Sunnmørslag i Sør-Afrika" (Fylket 01.07.76)
- Paul Heisholt: "Sunnmørske røtter ved Det indiske hav" (Sunnmørsposten 04.08.92)
- Einar Haakaas: "Farlig møte med Afrika" (Sunnmørsposten 25.02.95)
- Bjarne Fowels Landmark: "Siste attlevande av dei første norske immigrantar til Sør-Afrika død" (Sunnmørsposten 30.12.75)
- Bjarne Fowels Landmark: "Sunnmøre i Natal" (Sunnmørsposten august 1982)
- Knut J. Myklebust: "Traust nybyggar frå Ørsta rydda seg gard i Afrika" (Møre-Nytt sitt julenr. 1973)
- Borge Otterlei: "George Erling Berg frå Port Shepstone i Sør-Afrika: – Vi er stolte av å vere av norsk ætt" (Sunnmørsposten 14.07.82)
- Asbjørn Øye: "14. juli 1882 reiste 233 frå Ålesund, derav 25 frå Ørsta" (Møre-Nytt 08.07.82)
- Asbjørn Øye: "Ørstingar som reiste til Natal i 1882" (Møre-Nytt 13.07.82)
- Svein Jarle Aam: "Brautaset'ane i Natal med misjonen som hjartesak – Hudfargen avgjer også på Brauteseth Road" (Møre-Nytt 15.04.96)
- Einar Aambakk: "Brautaset-slekta frå Ørsta i Afrika" (Møre-Nytt 07.10.76)
- "Brautaset-slekt frå Ørsta den største norske i Sør-Afrika - Alle er etterkomarar etter Kristian og Ruth som vandra ut i førre hundreåret" (Møre-Nytt 25.09.76)
- "Familien til Otto Brautaset" (Sunnmørsposten 03.03.95)
I tillegg fortel nokre bygdebøker om Afrika-utvandringa frå andre kommunar på Sunnmøre.
Rorvik Avenue i Durban (tekst utarbeidd av Gunnar Ellingsen)
Sjømannsprest Ernst Hallen skriv i boka si ”Nordisk Kirkeliv Under Sydkorset – Festskrift i anledning Den Norske Lutherske Kirkes 50 Aarsjubileum i Durban 14 mars 1880 – 14 mars 1930”:
”Tar man en tur omkring i byen i dag vil man se at mange av de hus som er under bygning, bygges av norske kontraktører, og mange av håndverkerne på de forskjellige bygg viser sig også å være norske. Flere steder finner vi således hele gater som er anlagt av nordmenn og hvor hvert eneste hus er bygget av samme nordmann.”
Ei av desse ”norske” gatene i Durban er Rorvik Avenue som var oppkalla ”efter sin bygningsmann herr P. E. P. Rørvik.” Det må vere Peder Elias som vart fødd 28. mai 1884 som son av Peder Anderas Berntson Rørvik og kona Helene Caroline Berthine Salomonsdotter f. Røsvik. Folketeljinga for Roald 3. desember 1900 syner at Peder Elias framleis budde heime hos foreldra Helena og Peder og sju sysken på bruk 13 på Rørvik på Vigra.
7. november 1903 drog så den 19 år gamle ugifte tømmermannen Peder P. Rørvik med Durban som reisemål. Truleg reiste han saman med tre andre sunnmøringar som også same dag skulle til Durban med same reiarlag (Wilson Line):
O. J. Bentsen – Ugift 24 år gammal bygningsmann som hadde Natal som heimstad og som difor hadde utvandra tidlegare. Han ætta kanskje frå Koparnes i Syvde og var kanskje i slekt med personen nedanfor. Kan han vere ein yngre bror til Johan? Johan hadde nemleg ein yngre bror som heitte Olai og som seinare dreiv handel i Farsund i flg. bygdeboka for Syvde.
Johan Bentson Koparnes – Ugift 27 år gammal tømmermann frå Koparnes i Syvde. Han gifta seg i 1915 med Magda Larsdotter Bjørlykke (f. 1886) frå Sande, og dei budde på Munkeby ved Levanger. Johan må altså ha kome tilbake frå Durban etter kortare eller litt lengre tid der.
Knut K. Giske – Ugift 19 år gammal smed. I utvandrarprotokollen er han innført med Vanylven som heimstad, men han ætta nok frå Giske. Syster til Johan Bentson Koparnes var t.d. gift med ein frå Giske.
P. E. P. Rørvik er nr. 3 f. v. i lys dress
Peder Rørvik gifta seg i St. Olaf Lutheran Church i Durban i 1916 med Aslaug Deberitz, og dei fekk minst tre born: Einar i 1917, Helge i 1919 og Ronald i 1922..
Ernst Hallen fortel i boka si også at ”Kanskje de de fleste av våre landsmenn i Durban på en eller annen måte er optatt med byggevirksomhet. Så lenge som Durban derfor utvides som hittil, vil vel de gode tider holde sig for våre håndverkere her.”
Peder Rørvik reiste som nemnt saman med tre andre bygningsmenn 7. november 1903. 29. januar same år hadde nokre andre ugifte unge handverkarar reist med Union Castle Line til Durban:
Jens Andreas Andreasson Humberset – 19 år gammal (fødd 5. mars 1883) smed frå Volda. Han vart gift med ei irsk sjukesyster og døydde i 1931. (Volda-soga I, s. 399)
Arne Johannes Sivertson Driveklepp – 23 år gammal (fødd 28. januar 1880) tømmermann frå Volda som vende heim att til Volda (Heltne) og som døydde i 1959.
Knut Johannesson (Ytre-)Hovden – 21 år gammal (fødd 30. desember 1881) tømmermann frå Ørsta som vende heim att til Ørsta etter nokre år og døydde i 1976.
Ludvig Johannesson Digernes – 19 år gammal (fødd 5. oktober 1883) tømmermann frå Ørsta som døydde av tyfoidfeber 21. april 1906.
Johan Johannesson Digernes – 27 år gammal (fødd 9. september 1875) tømmermann frå Ørsta, som vende heim att til Ørsta i 1905 og som vart heile 104 år gammal. Han var bror til ovannemnde Ludvig og hadde første gong utvandra 2. oktober 1895. Han kom heim i 1899, men drog altså ned att i 1903.
Paul Eliasson Bjørdal – 22 år gammal (fødd 21. mai 1880) smed frå Ørsta som døydde av ”klimatfeber” 3. mars 1907.
Saman med desse reiste også den 33 år gamle voldingen Laurits Sivert Pedersson Heltne (fødd 14. desember 1869) som ”berre” var gardbrukar. Han var to gonger i Afrika, men kom heim att til Volda begge gongene og døydde der i 1947. Første gong han utvandra, var 2. oktober 1895. Da var han ”Sanitetskorp.” (= korporal?) og drog saman med to andre voldingar og to ørstingar: Førnemnde Johan J. Digernes og Johannes J. Bjordal.
I 1910 utvandra også Peder E. Rørvik si syster Marie Caroline, fødd 6. februar 1882, til Durban.